Europris

Tenkjer straum – sparar fem millionar i året

Ofte er det ikkje så mykje som skal til for å spare pengar på å spare miljøet. Det fekk lågpriskjeda Europris merke. Berre gjennom å auke bevisstheita rundt straum, sparar dei millionar i året.

Ifølgje Enova kan verksemder kutte energibruken med fem til ti prosent, berre ved å verte bevisste. Det fekk Europris erfare, då dei auka bevisstheita rundt straum. Gjennom å drifte butikkane betre, sparar dei meir enn 6,3 millionar kWh årleg.

– Som ein stor aktør i lågprismarknaden har vi eit stort samfunnsansvar. Vi ynskja å spare energi, men enda òg opp med å spare mykje pengar. Energien vi sparar årleg, tilsvarar no nesten 5 millionar kroner, seier Petter Wilskow, HR og Juridisk direktør i Europris.

Dei er likevel ikkje ferdig. No er målet å gjere det same som dei har gjort på energi, på avfall.

– No skal alle våre 240 butikkar følgjast opp tett for å sikre at vi kjeldesorterer så mykje som mogleg, og med det reduserer restavfallet. På den måten sparar vi både miljøet og pengar, seier Wilskow. 

«Vi sparar 5 millionar i året, berre på å vere bevisst på energibruken»