Mære Tomatdrivhus 01 13 2

«Grøne» tomatar

Gjennom å hauste og lagre overskotsvarme har veksthuset på Mære Landbruksskole redusert energibruken med 80 prosent, og auka tomatproduksjonen med 50 prosent.

Mæle Landbruksskole vann Norsk Landbrukssamvirke sin innovasjonspris for si satsing på grøn energi. Gjennom å bruke eigenutvikla teknologi, beståande av sju patenterte verdsoppfinningar, har dei redusert energibruken i veksthuset med 80 prosent, og C02-utsleppa med 99 prosent. Tomatproduksjonen har auka med 50 prosent.

–  Vi skal bli mest mogleg sjølvforsynt med energi på Mære, og vi har bestemd oss for å verkeleg trå til for å støtte gardbrukarar i arbeidet med klima og energi, seier Tove Hatling Jystad, leiar for utviklingsavdelinga på Mære Landbruksskole til landbruk.no.

Måten dei har redusert utsleppa og energibruken på, er gjennom å lagre og hauste overskotsvarme slik at den kan brukas i fleire månader framover i tid.

«Vi har bestemd oss for å verkeleg trå til for å støtte gardbrukarar»

Foto:  Steinar Johansen