Lo Bilde

Klima på agendaen

I januar sparkar organisasjonane i arbeidslivet i gang Arbeidslivets klimaveke, men klimaveka har allereie vore tema i tillitsvaldopplæringa i LO

"Planlegg Arbeidslivets klimaveke 15.-21. januar 2018 for ei bedrift de kjenner godt. – Kva er viktig, og korleis vil de gjennomføre veka? Korleis sikre medverknad og samarbeid?»

"Planlegg Arbeidslivets klimaveke 15.-21. januar 2018 for ei bedrift de kjenner godt. – Kva er viktig, og korleis vil de gjennomføre veka? Korleis sikre medverknad og samarbeid?»

Det var utfordringa, og eitt av tema på agendaen for LOs toppskulering for unge tillitsvalde i oktober 2017.

Arbeidslivets klimaveke er eit samarbeid mellom LO, NHO, Unio, Virke, Akademikerne, YS og KS for å påverke verksemdene til å sette i gang klimatiltak.

LOs unge tillitsvalde hadde mange gode tips og forslag til korleis dei kan jobbe med klima på jobben, med mange praktiske og konkrete tiltak for dei bedriftene dei valde ut som sine.

Dei var spesielt opptekne av å få til gode fellesarenaer og møteplassar mellom tilsette, tillitsvalde og leiing, for å samarbeide om forslag til tiltak. Under klimaveka meinte dei det vil vere ekstra viktig med dagleg fokus og gjerne både infomøter og kursing, slik at dette kan bli starten på ein langsiktig strategi.

- Dette er eit tema som høyrer heime i tillitsvald-opplæringa, seier LOs klimarådgjevar, Anne-Beth Skrede.