Aegir Boks Reidigert 871X361

Med miljøet i boks

Amerikanaren Evan Lewis er mannen bak handverksbryggeriet Ægir, eitt av dei fyrste bryggeria som sat fart på den norske ølrevolusjonen. No puttar han kvalitetsølet sitt på aluminiumsboksar. Målet er å auke sal, kvalitet og miljøbidrag.

Evan Lewis var ein av få som starta handverksbryggeri i Noreg for over ti år sidan. I dag er Ægir blant dei mest populære og eksklusive øla du kan finne. Fram til nyleg tappa Ægir ølet på flasker. No er det aluminiumsboksar som gjeld.

– For det fyrste held boksane vesentleg betre på ølets kvalitet. Boksane er luft- og lystette. Det gjer lengre haldbarheit, seier Lewis.

Boksane er òg betydeleg lettare, og meir arealeffektive i ølbilen. Det har gjeve lågare dieselforbruk og klimagassutslepp. I tillegg har Ægir blitt del av pantesystemet Infinitum.

– Slik når vi fleire kundar enn før, samstundes som vi gjer noko bra for miljøet. Innsamlingsgrad av aluminiumsboksar i Noreg er på 96 prosent – i verdstoppen, og det kostar mindre energi å gjenvinne aluminium enn glas, seier Lewis.

Arbeidet har bore frukter, og med overgangen til boksar nærmar eksportandelen av Ægir seg 25 prosent. – Overgangen gjorde det mogleg for oss å transportere øla over større distanser, og i dag er vi i 14 land i tillegg til Noreg. Sjølv om overgangen har kosta, er det ingen tvil om at det har vore ein stor suksess.

«Vi når fleire kundar enn før, samstundes som vi bidreg til miljøet»