
Eit miljø-ess i ermet
Før brukte vi mykje tid på å skaffe ulik miljødokumentasjon. No har vi eitt dokument som er anerkjend i alle anbodsrundar, seier miljøfyrtårn-ansvarleg i entreprenørselskapet BRG.
Før brukte vi mykje tid på å skaffe ulik miljødokumentasjon. No har vi eitt dokument som er anerkjend i alle anbodsrundar, seier miljøfyrtårn-ansvarleg i entreprenørselskapet BRG.
Miljøsertifisering har løna seg for det sørlandsbaserte entreprenørselskapet BRG. For det fyrste har det gjeve verksemda ein enkel måte å dokumentere at dei jobbar med miljø i anbodsprosessar. Der dei tidlegare måtte samle saman dokumentasjon, har dei no eitt dokument som er anerkjend i anbodsrundar.
Samstundes viser rapportar at det er god økonomi å satse på miljø.
– Vi målar og rapporterer både energibruk og sorteringsgrad. Dette er det pengar i, og det er motiverande, seier prosjekteringsleder Knut Berg Bentsen.