
Sparar 30 000 i bompengar
HTL Elektro Averøy AS gjekk over til å bruke el-bil som servicebil. Det løna seg.
HTL Elektro Averøy AS gjekk over til å bruke el-bil som servicebil. Det løna seg.
Elektrikaren på Averøy i Møre og Romsdal ville gjere ein miljøforskjell. Samstundes har dei forstått at det ligg pengar i å bli grøn. Miljøsertifisering har løna seg.
– Med el-bilen sparar vi 30 000 i bompengar. I tillegg bruker den billeg straum, seier teknisk ansvarleg Kristoffer Andresen.
El-bilinvesteringa var ei følgje av miljøsertifiseringa. Selskapet ser på miljøengasjementet som ei førebuing på framtida.
– Det blir antakeleg strengare miljøkrav frå offentleg sektor i framtida. Då løner det seg å starte arbeidet allereie no. Alle bedrifter har eit felles miljøansvar, og vi må vere med å lære dei tilsette gode haldningar og rutinar, seier dagleg leiar Bård Gustad Ressem.
No har dei oppfordra Kristiansund kommune til å setje miljøkrav i sine anbod.