
500 000 kWh mindre på straumrekninga
Myrkdalen Hotell sitt varmeanlegg var ikkje regulert riktig, og styrte ikkje slik ein hadde tenkt. Ei finjustering sparte hotellet for 500 000 kWh, eller rundt 400 000 kroner.
Myrkdalen Hotell sitt varmeanlegg var ikkje regulert riktig, og styrte ikkje slik ein hadde tenkt. Ei finjustering sparte hotellet for 500 000 kWh, eller rundt 400 000 kroner.
Miljøsertifisering er stadig meir ettertrakta blant kurs- og konferansegjester, skal vi tru driftsansvarleg ved Myrkdalen Hotel på Voss, Nils Eirik Gregersen. Med enkle grep har dei spart miljø og pengar, og blitt eit miljøfyrtårn til etterfølging.
– Miljøfyrtårn gjer oss meir bevisste på viktige områder som energi, avfall og forbruk. Og kva enkle miljøtiltak vi kan innføre, seier Gregersen.
Eitt spesifikt tiltak sparte hotellet for rundt 400 000 kroner årleg. Ein feil i driftskontrollanlegget gjorte at varmeanlegget ikkje vart regulert riktig.
– Då vi finjusterte driftskontrollanlegget, sparte vi 500 000 kWh.
Bedrifta har òg hatt fokus på avfall og sortering. Frå 2015 til 2016 gjekk avfallsmengda ned, og sorteringsgrada ligg på 72 prosent.