Sarpsborg

Vant pris for strenge miljøkrav

Sarpsborg kommune banar veg for andre kommunar, og stakk av med pallplassering i konkurransen om «Årets lokale klimatiltak».

I kommunen sitt renovasjonsarbeid har Sarpsborg stilt strenge miljøkrav til leverandørar. Det har løna seg, og for tiltaket vant dei bronse i konkurransen «Årets lokale klimatiltak» i regi av KS og miljøstiftelsen Zero.

Kommunen har satsa på elektrifisering av tyngre lastekøyretøy, med to heilelektriske renovasjonsbilar som fyrste kommune i Noreg. I tillegg fasar kommunen inn ei rekkje el-varebilar og biogasskøyretøy som ledd i ei langsiktig omstilling.

– Sarpsborg banar veg for alle landets kommunar ved å stille desse sterke miljøkrava i renovasjonsanbodet, understrekjer jurymedlem og tidlegare statsråd Odd Einar Dørum.

«Sarpsborg kommune banar veg ved å stille sterke miljøkrav i sitt renovasjonsanbod»